SPEKEMAT

Det er tradisjon med spekemat på Skår, som så mange andre stader i Noreg. Spekematen vår vert røykt med orreved i eldhuset og tørka på spekeloftet i Gamlahuset og i Furtebua. Me brukar gamle, tradisjonelle metodar for å få maten slik me likar den best, på Skår får fenalåra tørka til gauken har gale.

PRODUKTA VÅRE

Fenalår

Fenalår

Fenalår, eller spekjekjøt som det heiter hos oss, er salta og røykt lammelår, tørka i om lag fire månadar. Kundar som tingar heile lam om hausten vel ofte å få laga til fenalår, då heng låra på spekeloftet fram til våren.

Spekeskinke

Spekeskinke

Spekeskinka vår er ei salta og røykt svineskinke, lagra i minst fem månadar.

Spekepylsa

Spekepylsa

Spekepylsa inneheld kjøt frå lam, eller ei blanding av lam og hjort. Ho er laga etter gamal metode. Det vil seie at deigen ikkje vert tilsett startkultur, men modnast med naturlege mjølkesyrebakteriar. Einaste tilsetjingsstoff er salt. Pylsa er røykt og tørka.

Morrpylsa

Morrpylsa

Morrpylsa er laga av storfehjarte, sauekjøt, spekk, salt, krydder og løvetannsirup.
Pylsa er røykt og tørka.