SKÅR SPESIAL

På same måte som serveringsstader har signaturrettar har Ekta Skåramat nokre produkt som er som spesialitetar å rekne. Skårapylsa var det fyste produktet me laga for sal, og 20 år seinare er oppskrifta framleis den same. For sumarsesongen har me laga ei mildare grillpylse. Eitt knakande godt bacon og løvetannsirup er andre spesialitetar frå garden.

PRODUKTA VÅRE

Fenalår

Skårapylsa

Skårapylsa er ei grov, røykt kjøtpylsa (korv) laga av sau, svinespekk (maks 10 %), kjøtkraft, potetmjøl, salt og pepar. Me skjer ned alt kjøtet sjølve, så her er både lår og ytrefilet i pylsa. Koketida er om lag ein time, og pylsa er god både nykokt til middag eller kald som pålegg. Ho smakar elles nydeleg som basis i betasuppe, lyftar komlemiddagen til nye høgder eller kan etast akkurat som ho er med ei god potetstappe til. På restauranten Hallingstuene serverer Frode Aga pylsa vår med rotstappe og sennepssaus.

Spekeskinke

Grillpylsa

Grillpylsa lagar me vår/sommar, det er ei gourmet-pylse av lammelår, svinenakke, potetmjøl, salt og pepar. Pylsa er lettrøykt og rå, den kan grillast eller steikast på panna eller i omnen.

Spekepylsa

Bacon

Me lagar godt bacon med god røykjesmak, som kjem frå røyking med orreved i eldhuset. Baconet vert salta i lake, røykt og tørka. Me brukar salt utan nitritt, og slik får me fram den reine, gode smaken av skikkeleg bacon.

Morrpylsa

Morrpylsa

Smaken av sumar på flaske – løvetannsirupen er kokt på handplukka løvetannblom, og tilsett berre sukker og sitron. Sirupen gjer smak til morrpylsa vår.
Ellers smakar han nydeleg på pannekaker, kan brukast i brød, heimelaga müsli eller på steikt blodpylse.