previous arrow
next arrow
Slider

OM OSS

Ekta Skåramat er ei familieverksemd som held til 520 meter over havet på garden Skår i Granvin. Me tok over garden etter onkelen til Steinar i 1984, og dreiv vidare med sau. Dei fyrste ti åra på Skår fekk me fem born, og Aslaug Irene var mest oppteken med å halde dei innafor hyllekanten. Etter kvart som borna vart sjølvhjelpne, vart ho mor rastlaus og byrja å prøve seg fram med ei pylseoppskrift som høyrde garden til. Familie og kjenningar fekk smaka på pylsa, og dei vart raskt avhengige av den gode smaken. Samstundes ville dei gjerne ha framifrå pinnakjøt til jul og lam laga til etter eigne ynskje. Sidan me synst det er meir enn rett at folk skal få skikkeleg mat både til jul og elles, satsa me på gardsmat som attåtnæring på garden.

Godkjenning frå Mattilsynet fekk me i 2000, og sidan har haustane vore travle. I 2015 bygde me ny driftsbygning for sau, og sonen vår Harald tok over garden som no har rom for 150 lamsauer. No driv me garden i lag og me har betre tid til å lage gardsmat av beste kvalitet. Hausten er høgsesong for oss, men fleire av produkta våre lagar me året rundt.

Godt handverk gjer god mat, og maten me lagar er foredla på heimelaga vis etter tradisjonelle metodar. Kjøtet vert røykt med orreved i eldhuset som har stått på garden i generasjonar og me brukar ingen kunstige tilsetjingsstoff i våre produkt. Maten sel me rett frå garden og på messer i Hordaland om haustane.

Velkomne skal de vera.  

Beste helsing Aslaug Irene og Steinar