LAMMEKJØT
Størstedelen av produksjonen vår er av fjell-lam frå Skår. Lamma vert fødde i mai, kjem ut på grønt, ugjødsla gras, og går til fjells etter kort tid på heimebeite. Dei beitar seg oppover fjellet frå starten på 520 meter over havet. I september kjem dei heim att, og dei fleste vert til mat. Sesongen for lam er frå september til jul, men vil du sikra deg lam frå Skår må du tinga tidleg (før 1.oktober). Seinare på hausten får me lam frå andre gardar, sjølvsagt av beste kvalitet.
Du kan få kjøpa mange ulike produkt, både ferske, salta og røykte eller berre salta. Nokre av dei er lista opp her, ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer deg eitt spesielt produkt av lam.
PRODUKTA VÅRE
Heile lam
Me parterer, saltar og røyker lammet slik du vil ha det. Du kan tinge etter eige ynskje, til dømes sidene til pinnakjøt, låra ferske eller lettrøykte eller fenalår som heng på spekelofthotellet over vinteren. Du kan få bogen fersk (til fårikål eller frikassè) eller røykt til komlekjøt. Av svangane lagar me salta og røykt rullepylsa til deg.
Pinnakjøt
Pinnakjøt frå Skår har vorte juletradisjon for mange. Me leverer fyrsteklasses sider av lam, salta, røykte og litt tørka. Pinnakjøtet kan leverast ferdig oppdelt.
Spekepylsa
Spekepylsa inneheld kjøt frå lam, eller ei blanding av lam og hjort. Ho er laga etter gamal metode. Det vil seie at deigen ikkje vert tilsett startkultur, men modnast med naturlege mjølkesyrebakteriar. Einaste tilsetjingsstoff er salt. Pylsa er røykt og tørka.
Røykte produkt av lam
Rullepylsa (lammerull) og kokelår er fast pålegg til jul hos oss, men kan sjølvsagt nytast resten av året òg. Me lagar rullepylsa av svange, fyller i ekstra lammekjøt og krydrar med salt og pepar, før salting og røyking. Kokelåret lagar me lettsalta og lettrøykt, det er nydeleg til både pålegg og middag. Lammebogen er fin til røykjekjøt, den saltar og røyker me slik at det høver godt både til komlemiddagen eller saman med rotstappe og poteter.