Velkommen til Skramat

EKTA SKÅRAMAT

Me held til på fjellgarden Skår,520 m.o.h  øvst i Granvin.

Her har me sau, som beiter på fjellbeite her opp mot Honndalsnuten, Kjøtet foredlar me her, men slaktinga skjer hjå Fatland Ølen. Me har ein heil del sauer/lam sjølv, talet vil auke etter kvart som me fyller opp i fjøset.

Gardsmaten starta me med i år 2000, då fekk me den fyrste godkjenninga av Mattilsynet.

Produksjonen er størst om hausten, naturleg nok. Det er då  me får det finaste lammekjøtet, rett frå fjellbeite. Elles i året lagar me Skårapylsa, spekepylser og bacon m.m.

Røykinga skjer i eldhuset, me brukar berre rå orreved, for å gje mild og god røykje- smak og gyllen farge!!

Alle produkta er utan tilsetjingsstoff, pylsene er utan mjølk og dei er glutenfrie. Varene er foredla på heimalaga vis, etter tradisjonelle metodar.

Me sender varer i posten, om de ynskjer det. Det er då kun snakk om salta og røykte produkt, dei tåler transporten.

Ta kontakt om det er interessant med ein god handel!



Sist redigert 09-09-2016
Bestillingsliste
Din bestillingsliste er tom.

Gå til bestillingsskjema - Tøm

Bilde fra galleri