Pinnakjøt

skaaramat.no

Pinnakjøtet er laga av lammesider, er salta i  3 døgn og røykt i eldhuset. Eg brukar å dela opp pinnakjøtet, skjera snitt i skinnet på pinnane med 2 cm.mellomrom. Så legg eg kjøtet i vatn ,og sidan vårt kjøt er lite tørka, ligg det der i 6-8 timar. Slå så av vatnet og legg pinnane på rist, og kok /damp kjøtet til det løyser beinet, ca.2,5-3 timar.

Serverast med poteter og kålrotstappe, og ha gjerne litt flåt oppå! (flåt er kjøttkrafta som ligg i panna.etter koking)

Skrevet av: Administrator



Bestillingsliste
Din bestillingsliste er tom.

Gå til bestillingsskjema - Tøm

Bilde fra galleri